Boktips

Klemmen

ei lita bok om store krefter
Klemmen
ForfattarErna Osland og Stina Langlo Ørdal
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Vil du ha ein klem?

Dei fleste ville svara ja til ein klem. Men ikkje av kven som helst! Om ein ukjend klemmer deg, kan det fort bli feil.

Denne og mange andre «klemmereglar» i ulike kulturar kan du lære ved å lesa denne boka skrive av Erna Osland. Har du forresten tenkt på at det er dei under tre år som gjev flest klemmar, men at det er dei vaksne som saknar klemmar mest? Og at det går an å klemme seg sjølv?

Forfattaren Erna Osland er frå Høyanger i Sogn og har skrive mange gode barne- og ungdomsbøker. Denne boka er fint illustrert av Stina Langlo Ørdal. Ho er trønder, og har samarbeidt med Osland tidlegare, med boka “Mi mjuke, mjuke oldemor”.

Me har bøkene på biblioteket!

Fleire boktips