Vi blir kasta rett inn i universet Heivoll har skapt rundt Estragon utan særleg forklaring. Om eg ikkje hadde hatt dei herlege teikningane, som viser korleis organisten Siful saumlaust forvandlar seg til rotte, hadde eg ikkje skjønt noko. Siful stel pengesedlar frå kollekten med heim til kameraten Estragon i ei kiste på kyrkjegarden. Pengesedlar er rottedelikatesse, og Estragon fortel om då han tok seg inn hjå den griske, rottehatande gravferdsagenten Glambek. Om natta åt han sedlar frå pengebunkane som rotte, og om dagen arbeidde han som «rottefanger» hjå ein stadig meir mistenksam Glambek.
Historia er spennande, absurd humoristisk og ein smule grotesk. Estragon forgifter til dømes Glambek og vennene hans med ein pudding liknande Georgs magiske medisin.
Dei flotte svart-kvitt-illustrasjonane er så detaljrike at eg blir sittande lenge ved kvart oppslag, og det sære persongalleriet er teikna så overdrive, karikert og uttrykksfullt at eg ler høgt berre ved tanken.
Boka kan lesast som ei original og artig spenningshistorie, eller du kan bruke lengre tid på alt som gøymer seg i språk og illustrasjonar. Hint til andre spennande eventyr gjer at eg gler meg til å lese dei neste dødssyndene.
Ifølge sikre kjelder skal boka eigne seg for høgtlesing på sengekanten hjå 40-åringar, så vel som hjå barn.