Boktips

Eg er V-Vida

Eg+Er+V Vida
ForfattarTone E. Solheim
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Vida er tretten år og byrjar i 9. klasse. Besteveninna Siri har flytta til Bergen og Vida skal difor byrje åleine i 9. klasse, for ho har ingen andre vener. Moltemyra skule er ei lita skule i ei lita bygd, og me får inntrykk av at klassa til Vida ikkje er spesielt stor.

Vida er utanfor klassemiljøet, ho gøymer seg i friminutta og unngår så godt ho kan å prate, for Vida stammar.

Like før skulestart møter Vida Viktor, og det viser seg at han byrjar i klassa hennar. Han er så hyggeleg, har så fine auge og eit så fint smil! Viktor prøver å få med seg Vida og dra ho ut av hola hennar, men det skjer seg gong på gong.

Vida har ein tilfluktsstad og det er i mangaen. Ho les manga på skula når ho gøymer seg i friminutta, og ho ser på manga-seriar når ho vil rømme frå verkelegheita heime hjå seg. Det hadde ho og Siri til felles, kanskje Viktor likar det òg?

Dette er ei historie om å føle seg utanfor og annleis, og om mobbing i ei klasse. Vida blir mobba for stamminga, og sjølvkjensla hennar er på botn. Siri seier at Vida må bli snillare med seg sjølv, men kor enkelt er det å like seg sjølv når ingen andre likar deg? Det er det Vida kjenner på, men stemmer det med verkelegheita?

Eg er V-Vida er ei super bok som eg tenkjer kan passe ekstra godt for 6.-klassingar og eldre.

Den kan godt lesast av vaksne òg, spesielt om du er lærar eller har born på denne alderen.

Boka er lettlesen og engasjerande, og du får forelsking, venskap, misforståingar og håp i denne historia.

Fleire boktips