«Dyrene sover» er ei biletbok som er lett å lesa i lag med barnet. Boka er fargerik, og lesinga sprett av gårde like raskt som ein spretten unge som ikkje vil i seng. Men tonen er likevel varm og avstressande.
Det heile startar med at Bo ikkje vil legge seg. Han skrur opp tempoet, stupar kråke i sofaen og syng så høgt han berre kan. Biletoppslaget som følgjer viser ei litt kaotisk stogo, sikkert velkjent for mange småbarnsfamiliar.
Mamma vil at Bo skal legge seg. Men Bo har allereie lagt seg, seier han. Han søv ståande på eit bein på kanten av sofaen, nett som ei papegøye på ei grein. Og mamma blir med på Bo si fantasiverd gjennom dyreriket, samstundes som ho leier han gjennom leggeprosessen. I tillegg til å vera tålmodig og leiken, er mamma kunnskapsrik. Og slik får både Bo og me utvida kjennskapen vår til korleis dei ulike dyra innrettar seg når dei skal sove.
Biletuttrykket til Kanstad Johnsen er som skapt for denne forteljinga. Ho brukar gjerne sterke og uvante fargar i store flater, som ho kombinerer med følsomme blyantstrekar og utflytande penselstrøk. Bileta er fulle av barnleg livslyst og fantasi, men også attkjennande kvardag.
Språket til Skomsvold er enkelt og presist, av og til med poetiske bilete lagt i munnen på mamma:» - Og nå er du en fugl, hvisker mamma. – En tårnseiler på himmelen. Du sover mens du flyr, gjennom vinter og sommer, dager og år, over alle som sover på jorda vår, over alle mennesker og dyr.»
Boka kan du låne på biblioteket!