Boktips

Bellas bekymring

bellasbekymring1.jpg
ForfattarTom Percival
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

«Bella elsket å være Bella». Slik startar denne nydelege biletboka «Bellas Bekymring».

Bella er ei glad og fornøgd jente som likar å huske og å utforske nye, ukjente plassar. Men ein dag på tur i skogen blir ho oppmerksam på ei bekymring. Den er lita, og i byrjinga bryr ho seg ikkje så mykje om den, men etter kvart som historia skrir fram veks bekymringa. Til slutt overskygga den alt anna, og den hindrar henne i å gjere dei tinga ho elskar. Det mest rare for Bella, er at ingen andre ser bekymringa hennar, sjølv om den etter kvart blir så stor at den fyller opp halve skulebussen! Vil den nokon gong forsvinne?

Bekymringa til Bella blir vist som ein rotete, gul dott med ansikt som følgjer henne rundt, tek opp plass og skyv henne til sida. I starten av boka er det brukt sterke fargar for å illustrere eigenskapar som glede, lykke og energi hos Bella. Men ettersom bekymringa hennar blir større, går illustrasjonane over til ein meir dempa grå tone. Då Bella møter ein trist gut i parken, ser ho at han òg har ei bekymring, og dei to begynner å snakke saman. Med det same eksploderer alt av fargar og verda går tilbake til det normale. Bella innser at alle får bekymringar av og til, og at det ikkje er noko å skamme seg over.

Bella er ei sympatisk og tiltalande jente som møter situasjonar eg trur kan vere attkjennande for mange barn. Med denne biletboka tek forfattar og illustratør barn sine kjensler på alvor. Vanskelege kjensler som uro og redsel kan vere utfordrande for små barn å uttrykkje. Dette er ei sår og vakker bok om korleis eit problem som blir delt er eit problem som blir halvert. Ei kjempefin bok å lese til barn i alderen 3–6 år!

Fleire boktips