Boktips

Barnebøker vinter 24/25

Klistremerker To Barn Leser Boker.Jpg
Omtalt avMarit Karlberg
KategoriBarn og ungdom

Her er tips til barnebøker som du kan låne på Valdresbiblioteka. Les høgt eller la barnet lesa sjølv!

Mona Vetrhus Nattklubben 1 699X1024
Nattklubben - Mona Vetrhus

Det første me ser når me opnar denne biletboka, er eit haustleg landskap med blåe fjell og eit tre med gult lauv. I treet huskar Veslebjørn, og Ulv dansar til tonane frå Bestas trompet. Det er mykje å legge merke til i teikningane til Sebastian Meschenmoser. Det nærmar seg sovetid, men Besta er ikkje heilt klar. Ho finn fram den gamle diskokula si, og mimrar attende til magiske dansestunder. Koseleg og spennande biletbok for barn ca 3-6 år.

Bilde2
Tone - Ane Barmen

Tone er fem år og har ein storebror som heiter Daniel. Ho elskar å leike med broren. Han byggjer trehytte, og viser henne korleis ho skal få lyd i kornetten. Men etter sommaren dukkar Ingeborg opp. Ho er ei jamnaldrande veninne av Daniel som også spelar kornett. Og då vil ikkje Daniel leike med veslesystra si lenger. Men Tone augnar eit lite håp når ho får vera med på korpsøving den dagen dei vaksne skal på møte. Og det blir jammen litt av ei korpsøving!  Her er det gode illustrasjonar frå barnet sitt perspektiv, laga av Skinkeape (Marianne Gretteberg Engedal). For barn ca 3-6 år.

Oske
Oske - Inger Lise Belsvik

Denne biletboka er tileigna alle fine fedrar. Pappaen til eg-personen er død. Me blir forsiktig kjent med både guten og far hans gjennom tinga og minna som er att etter faren. Poetisk teikningar som blir gradvis meir fargerike ettersom sorga etter pappa blir bearbeida. For barn ca 5-8 år.

Storebolla
Storebolla og Lillebolla, verdens beste barnevakt - Cecilie Ramona Kåss Furuseth

Mamma og pappa skal på restaurant. Tante skal vera barnevakt for Storebolla og Lillebolla. Det blir kjempegøy, seier mamma. Og når tante kjem inn gjennom døra, ser me straks at dette er ei spesielt sprudlande tante. Ho er på lag med ungane i det meste. Etter store mengder godteri, må tante likevel ta ein time-out, og då fattar ungane interesse for den rosa lastebilen hennar. Etter litt dramatikk rekk likevel trioen å sita uskuldige i sofaen når mamma og pappa kjem heim. Levande, fargesterke illustrasjonar av Emily Claphan. For barn ca 3-6 år.

Dinosaur
Rasende T-rex - Rex Stone

Jonas elskar dinosaurar. Han sluker alt han kjem over av kunnskap om desse forhistoriske dyra. Mor hans er dinosaurforskar, og når dei flytter til Amonittbukta, finn Jonas både eit eldorado for fossilar, og ein ny ven. Tale er også medlem i Dinosaurklubben, eit nettsamfunn med barn frå heile verda som deler dinosaurkunnskapar med kvarandre. Ein dag Jonas og Tale er ute, finn dei ei hemmeleg grotte. Der er det forsteina fotspor frå ein dinosaur. Resten av boka handlar om kva som skjer når dei følgjer etter desse fotspora. Illustrert bok med spenning og kunnskap for barn ca 6-10 år. Boka er den første i ein serie, og me blir ekstra godt kjent med ein ny type dinosaur i kvar bok.

Enhjørning
Enhjørning - Sveinung Lutro

Dette er ei faktabok om einhjørningar. Einhjørningen er eit fabeldyr. Eit dyr menneska trudde eksisterte, men aldri fann. Likevel har dette dyret prega både fantasi og historie. Og einhjørningen er like populær i dag som for fleire hundre år sidan. Her kan du lære mykje du sikkert ikkje visste om dette dyret. Gjennomillustrert og lettlest bok for barn ca 6-10 år.

Grisungen
Grisungen med den rette halen - Hilde Myklebust

Grisungen bur med dei andre grisane i grisehuset på ein gard. Ein dag oppdagar han at han ikkje har krøll på halen. Han prøver alt han kan for at halen skal slå krøll på seg. Han vil vera som dei andre. Ingenting nyttar, og han bestemmer seg for å spørja katten om råd. Katten ber han gå til hunden. Hunden ber han gå til hesten. Hesten seier at kanskje fuglane veit? Men hanen bryr seg ikkje. Så møter Grisungen den omsorgsfulle og leikne Jentungen på garden.  Ei biletbok om å lære å godta seg sjølv. Nydeleg illustrert av Bård Sletvold Torkildsen. For barn ca 3-8 år.

Alien
Ufogjengen - Vegard Markhus

Alien i klassen er ein serie med illustrerte bøker i «Pingles dagbok-stil». Hovudpersonen Ulrik har to vener, Fia og Bob. Fia bur med far sin i ei campingvogn i skogen. Ho har mange talent, er ganske tøff, men også litt sky. Når ho skal på skulen kler ho seg ut som eit romvesen og kallar seg Olli Bolli. I denne boka er det verdas verste rektor, Reke-Tor, som vikarierer som lærar for klassen til Ulrik. Han vil bruke klassepengane på fyrverkeri i sin egen 60-års feiring, i staden for klatrestativ. Samstundes kjem mor til Fia og vil at ho skal flytte til henne. Då har Ulrik berre ein venn at. Men så kjem onkelen til Bob, som også er gamal tjuv, på banen, og det er duka for forviklingar og mange sprell. For barn ca 6-10 år.

Turbo
Turbotvillingene og ordførerens onde plan

Dette er bok nummer to om Turbotvillingane, men ho kan godt lesast frittståande. Boka er ei fartsfylt forteljing, full av språkleg humor og situasjonskomikk. Gjennom tvillingane Robert og Harald og venene deira, får me lære om demokrati og samhald i praksis. At det er mogleg å lære seg sinnemeistring, og at ein kan gjera om på politiske planar om ein slår seg i lag og har tru på saka. Tvillingane har vakse opp i Oslo, men har flytta på «landet». Dei har fått meir og meir sansen for dyra og garden til Sigrid og Rudolf. No står garden i fare for å bli utsletta av den nye motorvegen som ordførararen har planlagd. Passar for barn ca 7-11 år. Boka er tjukk, men har stor skrift med enkelte utheva ord, som gjer ho lesevenleg. Også til høgtlesing!

Alba
Mysteriet med den tause papegøyen

Dette er den første boka i ein ny serie om Alba & Finito. Alba har ein hund som heiter Finito. Han har vore politihund før han vart pensjonert. Foreldra til Alba er skilde, og når ho skal overnatte første natta i det nye huset til pappa Truls, skjer det saker og ting. Truls er veterinær, og nokså kjent fordi han har vore på TV. Han blir bedt om å koma på opninga av luksushotellet til hotellkongen Petrus Langdalen for å kurere den tause papegøya hans. Alba og Finito blir med, og dermed er det duka for eit skikkeleg mysterium med kunsttjuveri, influensarar, symjebasseng og protesterande dyrevener. Med illustrasjonar av Cathrine Sandmæl. For barn ca 7-11 år.

Fleire boktips