Boktips

Hardkokt krim for born (og vaksne høgtlesarar)

mordetihonsegarden.jpg
ForfattarTore Aurstad & Carina Westberg
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriKrim og spenning, Barn og ungdom

Lyst på ei krimhistorie for born? Då bør de velje Mordet i hønsegården av Tore Aurstad & Carina Westberg frå 2019. Boka egner seg godt til høgtlesing, det er ei godt skrive og spennande krimgåte inndelt i 18 korte kapittel. Kanskje klarer de ikkje legge ho vekk før de kome til siste side?

De møter den stolte, men litt slitne, sibirske kamphanen Hilmar Hanegal i det han er på flukt frå skumle typar i Birdietown. Då Hilmar var kylling vart han bortført, plassert på ein anstalt for unge kamphanar og drilla i kunsten å klore, bite og hakke. Etter kvart deltok Hilmar i hanekamp berre når han var i beit for gryn. I dag er han snushane (altså, detektiv) og det kjem framleis godt med å kunne sloss. Diverre skylder han gryn til leiaren av bandittgjengen Raptor, og løpeguten Åke Måke skal no krevje inn gjelda. Samstundes er bonden Mike ute etter Hilmar, han treng nemleg ein snushane.


I hønsegarden hjå Mike og Margot er hanen Gregory drepen i eit basketak og nokon stel egg, mange egg. Kven er mordaren og eggtjuven? Kan det vere reven Koldbrand, anda Wergel, grisane Slugger og Herkules, Outclaws, nokon frå Raptor eller kanskje hønene sjølve? Og kvifor forsvinn hønetvillingane Agda og Magda på mystisk vis? Hilmar kjem utfor litt av kvart før han, med hjelp frå finken Spiro, finn løysinga.


Vaksne lesarar kjenner kanskje att og smiler til namn som Chickendales, Wergel And og motorsykkelgjengen Outclaws. Leiaren i bandittgjengen Raptor heiter Kingpin; det same som skurken i Marvel-universet. Chic & Chuck er to unghanar nordfrå som reiser verda rundt og syng for småtupper som hyler, kven kan no det vere?


Boka passar born frå 8-9 års alderen og vaksne som likar hardkokt krim og blaut humor.

Fleire boktips