Aktivitet - Vang folkebibliotek

Teiknekollektivet startar opp

 
Start: 19:00 Slutt: 20:30 Sted: Vang folkebibliotek

Måndag 13. september kl. 19

Teiknekollektivet startar oppatt etter sommarferien.
I haust kan du møte andre teikneglade måndagar kl. 19 i oddetalsveker.

Målgruppa er vaksne i alle aldrar.

Hit kan du kome om du ikkje har aning om kva du vil teikne, om du har ein ide eller om du allereie er i gang med eit prosjekt. Vi har litt teikneutstyr, men ta gjerne med om du har sjølv.



Primus motor for Teiknekollektivet er Alexander Haugelien. Han ønskjer deg velkomen til ei kreativ stund på biblioteket.