Aktivitet - Vang folkebibliotek

Strikkekafé med føredrag

 
Start: 19:00 Slutt: 20:30 Sted: Vang folkebibliotek

Tysdag 14. september kl. 19

Vi får ein pangastart på haustens strikkekafé når Tone Skårdal Tobiasson fortel om korleis lokal produksjon og eit engasjert forhold til klede påverkar framtida vår. Ho står bank mange bøker og kjem for å inspirere oss!

Tobiasson Bokrekke


Journalist og forfattar Tone Skårdal Tobiasson, medforfattar av Norsk strikkehistorie, Strikk med norsk ull, Ren ull, trilogien Lettstelt, Lettkledd og Lettfiks og eineforfattar av  Folkedrakt i vår tid og Arne & Carlos: Masker og snitt fra Tonsåsen, vil prate om korleis meir lokal produksjon og eit meir engasjert forhold til klede bidreg til ei berekraftig framtid. Ved å strikke, sy og reparere får vi eit anna og meir meiningsfylt forhold til kleda våre, og i løpet av pandemien har det skjedd noko grunnleggande med ønsket vårt om gode klede som kan få eit langt og godt liv i skapa våre. Slow fashion er meir enn ein trend – det er framtida.

 

I haust har vi plassrestriksjonar. Viss du vil sikre deg plass,
meld deg på til 61 36 94 26 eller biblioteket@vang.kommune.no

 

Strikkekaféen framover

Utover hausten held vi dørene opne og kaffien varm tysdagar kl. 19 for dei som vil skravle og strikke, brodere, hekle, hakke, slå nupereller, firflette, filere osv.


Ta med deg handarbeidet ditt, kanskje kan du få råd og hjelp. I alle fall får du godt selskap med likesinna!