Aktivitet - Vang folkebibliotek

bok rom

 
Start: 17:00 Slutt: 20:00 Sted: Ellingbøvegen 10, Vang i Valdres

Tysdag 31. august i tidsrommet 17.00-20.00 kan du oppleve kunstinstallasjonen bok rom i fjøset på garden Haugen.

Marianne Isachsen og sjette klasse på VBU kledde inn fjøsrommet på Haugen med bøker i 2015/16, finansiert med Kriblemidler. Rommet er ei heilt unik oppleving!

Denne ettermiddagen held Marianne dørene opne for Vang folkebibliotek og Valdres litteraturfest. Grunna romopplevinga og smittevern kan det vere maks 8 personar inne i kunstinstallasjonen om gongen.

Passer det ikkje denne ettermiddagen?
Ta kontakt med Marianne for å avtale tid. Detaljar og kontaktinformasjon finn du her: https://www.visitkongevegen.no/bedrifter/bok-rom/

 

 

Bokfjos

Foto: Marianne Isachsen