Aktivitet - Vang folkebibliotek

Eventyrmaraton

 
Start: 24.september kl. 10:00 Slutt: 15:00 Sted: Vang folkebibliotek
Laurdag 24. september kl. 10.00-11.57 og kl. 12.45-15.00 skal Victoria Ose og Marianne Riste lese eventyr for alle som vil høyre på, både for store og små 😃
Veit du kor langt eit maraton er? Det er 4,2 mil.

Kor langt blir eit eventyrmaraton då? Det må vel bli 4,2 timar 😉 Og dette vil vi gjere på Vang folkebibliotek; lese i eitt sett i 4 timar og 12 minutt. Alle eventyra skal handle om mat og/eller eting, i vid forstand, alt frå Smørbukk til Rødhette og ulven.
Vi har fått med oss gode hjelparar og vil ha tospråkleg opplesingar av nokre av eventyra.
Detaljert program med kva vi les når og når det blir tospråkleg lesing kjem snart - føjl med!
Same dagen er det hausttakkefest og marknad i regi av Vinjerock, og kl. 12 blir det konsert, så då tek eventyrlesinga ei lita pause.
Arrangementet er ein del av Valdres Litteraturfest.