Boktips

Odel

Odel Ingrid
ForfattarDordi Strøm
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Scenograf, kostymedesignar og forfattar Dordi Strøm kom ut med sin andre roman «Odel» i 2023, som ho vann Lyttaranes romanpris for same året. Og det er lett å forstå kvifor, for dette er ei sanseleg og vakker forteljing i eit gnistrande fint nynorsk.

Det er haust på garden Stein, der besteforeldra Olov og Inga bur med dei vaksne ungane, Ommund og Odel.

«Odel» er den som namnet tilseier; arven, håpet og den som har kløkt og handlekraft til å ta over garden når den tida kjem. Likevel finst ikkje Odel alltid på garden når ho trengst. Berre 15 år blir ho mor til dottera Liv.

Og som 18-åring dreg ho for å studere til lærar, og kjem og går som det passar henne. I fråværet av ei mor ho beundrar lagar dottera Liv sine eigne forklaringar og historier på livet. Onkelen Ommund, som er ein kunstnarsjel, fortel eventyr som får Liv til å drøyme seg bort frå kvardagen.

Boka gir kanskje fleire spørsmål enn svar. For kva er fantasi og kva er verkeleg? Det er ikkje så lett å vite, for romanen bevegar seg heile tida mellom det eventyrlege og det jordnære. I romanen finn ein kanskje meir svar i det usagte enn i det sagte. Vi får ikkje vite kven som er far til Liv, likevel ligg noko gøymt mellom linjene. Strøm er ikkje redd for å skrive om livets gang.

Brutalt, blodig og strengt realistisk fortalt blir vi som lesarar vitne til både dyredrap og slakting. Som då Liv blir vitne til at mora skyt hunden deira, Bowie, etter at han vart skadd frå ein bilpåkjørsel. Odel har ikkje tid til å kjenne etter, men gjer det som må til, anten det er å skyte eit skadd husdyr eller ein kronhjort. Liv derimot kjenner på sorg og raseri og slår ut tennene på mannen som køyrde bilen. Tennene tek ho med seg heim, til hundekorga, der ho gøymer dei i skatteskrinet sitt.

Romanen grip tak i meg som lesar frå første sekund. Forfattaren står fram som ein uredd forteljar. På ein naken og rå måte skildrar Strøm livets gang, i randsona til kanskje å kunne kjennast brutal. Dette er ein roman der natur og livsløp går hand i hand.

Fleire boktips