Boktips

Ylva og villgeitene

ylva_og_villgeitene.jpg
ForfattarHilde Myklebust
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Ylva er med far sin på veg til sommarhuset ute ved havet. I mjuke, store og intense biletoppslag får me følgje dei to i møte med naturen her ute.

Vilja har eit eige lag med dyra, og eit mot som far hennar gjev henne rom til å utfalde. Ylva oppdagar etterkvart ei villgeit  med to små kje i kamp med ei ørn. Ylva gjer alt for å redde dei tre, og kjem sjølv i fare. Men den respektfulle framferda ho syner i forhold til dyra blir gjengjeldt, og alt endar som det skal, på naturen sine premiss. Historia blir fortalt med korte, lettlesne setningar i eit flytande og godt språk som harmonerer godt med Duzakin sine bilete. For barn ca 3-9 år.

Fleire boktips