Boktips

Vonde blomar

gunnhildoyehaugvondeblomarnoveller978820553911218067490603160_500x.jpg
ForfattarGunhild Øyehaug
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriNoveller og dikt, Skjønnlitteratur for vaksne

Fabulerande, friske noveller du ikkje visste du trengte.

Denne novellesamlinga er ei tynn lita bok med mykje på hjarta. Surrealistisk, fantasifull og sprudlande. Intellektuell og leiken, men også lettlesen.

Ho opnar med følgjande setning: «Då eg sat på doen og menstruerte, fall ein ganske stor bit av hjernen min ned i doskåla.» Ein metafor tenkjer du kanskje, men nei, dette viser seg å vera ei ekte hending. Og akkurat i denne delen av hjernen ligg all kunnskapen hennar om fuglar, noko som blir eit stort problem då ho etterpå googlar seg sjølv og finn ut at ho er ornitolog i ferd med å disputere til doktorgrad om tre veker.

I tittelnovella dukkar også nokre heilt konkrete vonde blomar opp. Dei uheldige plukkarane av vonde blomar kunne «falle på veg opp trappa med blomane i handa som om nokon hadde dytta dei, eller dei kunne brenne seg på varmtvatnet i springen, dei kunne svi grauten, fornærme naboen på det grøvste, tape stort på børsen, skli i dusjen, eller i verste fall kunne dei bli påkøyrde og drepne ein varm og vakker sommardag.»
Nokre av novellene heng saman og kommenterer kvarandre. Det ligg ei lita skattejakt her, trur eg, om ein les boka fleire gonger. Forteljaren er tydeleg og klar tilstades, avbryt, endrar handlinga og protesterer både mot teksten og forfattaren.

Det er også mange litterære referansar, til dømes til Inger Christensen og Wirginia Woolf, utan at ein treng å ha lese desse for å ha glede av novellene. Sjølve tittelen Vonde blomar er eit kraftig nikk til Charles Baudelaires diktsamling «Les fleurs du mal» (1857). For underteikna vart det ei spore til å gå laus på denne klassikaren, og gjer du som eg, har du endå ei fantastisk lesaroppleving i vente.

Fleire boktips i same kategori