Boktips

Supervulkaner og digre dinosaurer

superv.jpg
ForfattarReidar Müller og Sigbjørn Lilleeng
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom
Bak denne fristande tittelen skjuler det seg ei fantastisk fagbok for barn ca 9-12 år. Boka tek oss med gjennom jorda sine tidsperiodar, frå prekambrium til kvartær, der mennesket omsider dukkar opp.

Me får sjå korleis Norge sakte endrar seg med klimaet, frå slimete til vulkansk, ørken, jungel og istid. Boka gjev også eit spennande innblikk i dyreverda som høyrer til dei ulike epokane, som kjempeblekksprutar, sabeltannkattar, armfotingar og ikkje minst kjøtfinnefisken, som er ein slags forfar for mennesket. I allefall den første med ryggrad som gjekk opp på land. Boka sluttar med fem gode råd, og syner på ein humoristisk og truverdig måte korleis kunnskapen om fortida kan gjera oss rusta for framtida. Terningkast 6 i Dagbladet.

Fleire boktips