Boktips

Fikenvulkanen

fikenvulkanen.jpg
ForfattarBirgitta Nilsson
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Kan tema frå naturfag, økologi og forskning bli spennande lesing for barn? Ja!

Birgitta Nilsson dreg lesaren inn i  den actionfylte historia om Bea og mor hennar som legg ut på ei eventyrleg reise til vulkanøya Fogo i øygruppa Kapp Verde. Bea følgjer heilhjarta med, på barns vis, men ho veit ikkje heilt kva som er grunnen til reisa. I løpet av boka får vi, saman med Bea, ta del opplevingar og oppdagingar i det lille samfunnet på vulkanøya. Familiehemmelegheiter og naturens mysterier er fletta saman, og på slutten av boka sit både vi og Bea med ei ny forståing av kva som er viktig og korleis ting eigentleg heng saman!

Passar til høgtlesing, og for barn mellom ca 8-13 år.

Fleire boktips