Aktivitet - Øystre Slidre Folkebibliotek

Lått og leven med Huldra Hildur

 
Start: 24.september kl. 11:00 Slutt: 13:00 Sted: Øystre Slidre folkebibliotek
Laurdag 24.september kl 11.00 får Øystre Slidre folkebibliotek besøk av Huldra Hildur! Er de klare for å møte Aslak, Mari, Mads Erik, Pål, Espen og Even? Dei skal fortelja oss historia om Huldra Hildur. Ja, for du veit vel kva ei hulder er? Om ikkje så finn du det fort ut i denne framsyninga.
Vi møter Tore, som er frå byen og ikkje så veldig vant med ku, kalv, fjøs og slikt. Han skal ha ansvaret for stølen heile summaren, og har gleda seg skikkeleg. Ei seter(støl) er ein slags summarleir for gardsdyra. Hildur, ei hulder som alltid nynnar og trallar, bur også på denne setra. Hildur ser til at Tore gjer det han skal, og når det er litt kjedeleg så tullar ho litt med han.
Aslak Brimi – fele, Mads Erik Odde – trekkspill, Pål Svindland – bass m.m., Espen Wensaas – gitarer, Mari Midtli – sang, Even Lusæter – forteller
Arrangementet er i samarbeid med Øystre Slidre spel- og dansarlag og ein del av Valdres Litteraturfest.