Aktivitet - Øystre Slidre Folkebibliotek

Samuels sanger

 
Start: 12:00 Slutt: 13:00 Sted: Øystre Slidre folkebibliotek
Torsdag 16.september kl 12.00 kan du ta med deg matpakka og nyte ein lunsjkonsert her på biblioteket i Øystre Slidre. Eller kjøpe deg kringle og kaffi. Forfattar og songar Ann Turi Ford har gjeve ut ei bok med tre CDar som handlar om Samuel Hellen. Han var ein omstreifar og tukthusfange som på sine reiser rundt i landet lærde seg ei mengde folkesongar som han seinare song for Ludvig Mathias Lindeman. Nokre av visene lærde han seg i Valdres, og både tonematerialet og livet hans er av det sterke slaget! Ann Turi fortel om hans omflakkande liv, og syng fleire av songane. Med seg har ho Gjermund Kolltveit på feler, lyrer og andre strengeinstrument og Lars Svanberg Jacobsen på gitar og bass.
Gratis inngang, velkomne!
Arrangementet er ein del av Valdres litteraturfest.