Aktivitet - Øystre Slidre Folkebibliotek

Okshovdkveld

 
Start: 19:00 Slutt: 23:00 Sted: Festsalen på Tingvang

Laurdag 28.august får me besøk av forfattar og hardingfelespelar Kjellbjørn Karsrud som skal fortelje og syne bilete frå praktboka om den lokale spelemannen Ola G. Okshovd. Med seg har han fleire spelemenn, blant anna frå Øystre Slidre spelemannslag, og det blir mykje knakandes godt felelæte å høyre utover kvelden. Me håpar det skal bli råd å danse litt også, så set av datoen og kom til festsalen på Tingvang kl 19.00!
Inngang kr 200,- Barn gratis. I samarbeid med Øystre Slidre spel- og dansarlag