Boktips

I hvert øyeblikk er vi fortsatt i live

ihvertoyeblikkervifortsattilive.jpg
ForfattarTom Malmquist
Omtalt avIngrid Bergstrøm, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Tom Malmquist har skive ein roman om sitt verste mareritt: Å bli enkemann og nybakt pappa samtidig. Romanen er sterkt biografisk. Det er ikkje alltid like lett å vite kva som er fakta og fiksjon, når vi veit at forfattaren har opplevd det same som hovudpersonen. Boka blei nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2016.

Romanen startar på Södersjukehuset i Stockholm. Tom sin gravide sambuar Karin gjennom 10 år, er innlagt med symptom på lungebetennelse. Ho er gravid i veke 33, og forfattarparet ventar sitt første barn. Men snart skal det vise seg at ho er langt meir alvorleg sjuk. Karin har akutt blodkreft. Barnet må forløysast snarleg.

Frå å leve eit heilt vanleg kvardagsliv blir hovudpersonen, Tom, kasta inn i ei verkelegheit som bokstaveleg talt pendlar mellom liv og død. Mellom draum og mareritt. På den eine avdelinga på sjukehuset ligg Livia, som akkurat har tatt sine første andedrag. Og på den andre ligg kjærasten og den nybakte mora, Karin, neddopa og døyande med akutt leukemi. Midt i mellom står Tom, som i eit mareritt, spring mellom intensivavdelinga og nyfødtposten. Redd for å ikkje strekke til.

Ikkje nok med at Tom mistar Karin så møter Tom på eit tunggrodd byråkrati for å bli registrert som Livias far og dei utfordringane det gir. I tillegg ligg faren til Tom, som han hatt eit komplisert forhold til, for døden.

Frå første side er dette brutal lesing. Forfattaren skriv lite om kjenslene til Tom, han konsentrerer seg om fakta, om det som faktisk skjer. Malmquist gjengir hendingar og leganes forklaringar i detalj, utan at vi som lesarar får så stort innblikk i den sorga Tom føler. Og det er denne mangelen på skildring av fysisk reaksjon hos han sjølv, mangelen på teikn av sorg, som gjer denne romanen ekstra sterk. Alt dirrar, alt er lada. Berre i små drypp slepp han lesaren inn i kjenslene, men ikkje for langt. Ein føler eit stort fysisk ubehag når det som skal vere eit augeblikk fylt med glede, endar slik det gjer. Og ein stiller seg spørsmålet: Kva gjer det med eit menneske som står midt oppe i ei grenselaus sorg, der ein har mest lyst til å døy? Men som er komplett umogeleg, når ein har eit nytt liv og ei dotter, å ta vare på.

Etterkvart i boka får vi vite litt meir om kva som har skjedd tidlegare i livet til Tom og Karin. Boka hoppar ofte frå notid til fortid med glimt frå livet han levde i lag med kameratgjengen og livet han hadde saman med Karin. Draumen for begge var å kunne leve av å skrive.

Dette er ei forteljing om tap, foreldreskap og livet vi lev, augeblikk for augeblikk.

Fleire boktips