Boktips

Duften av furu

Min families hemmeligheter
20240106Vangbilde
ForfattarBianca Schaalburg
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Her blir du tatt med på ei reise gjennom fem generasjonar og 100 år tysk historie, dette er ei bok til ettertanke.

Schaalburg vann i 2022 den anerkjente, tyske ungdomsbokprisen, Deutschen Jugendliteraturpreis. Det er ei viktig bok, og eg meiner ho er vel så godt eigna for vaksne lesarar. Frå juryens si grunngjeving: «denne selvbiografiske jakten etter spor handler om mer enn personlige erindringer – boken er et viktig bidrag mot glemselen».

Bianca Schaalburg blir nyfiken på si eiga, tyske familiehistorie. I arbeidet sitt tør Schaalburg å stille dei vanskelege spørsmåla, t.d. om hennar eigne besteforeldre var delaktige i behandlinga av jødane før og under andre verdskrig. Om ho får svar er ein annan sak. Vi får eit detaljert innblikk i den omstendelege prosessen det er å få tilgang til ulik informasjon frå den tida. Boka dekker fleire historier. Vi blir kjent med foreldra og besteforeldra til Schaalburg. I 1936 flytte besteforeldra til Eisvogelweg 5 i Berlin. For å fortelje den sida av går ho også inn på historia til jødane som måtte flytte får denne adressa.

Teikningane i boka er med og gjer historia levande. Du kan ikkje sjå på personane kven som er «snille» og kven som er «slemme», noko ein heller ikkje kunne sjå i verkelegheita. Kvart kapittel er teikna i eigne fargetonar for å hjelpe lesaren å skilje dei ulike tidsepokane frå kvarandre.

Denne boka skal eg lese oppatt minst ein gong til, for her var det mange namn og mykje historie. Ei mektig bok om det å hugse, forteie og minnast. Vi skal ikkje gløyme kva som skjedde, men vi skal heller ikkje kjenne skam og skuld for urett gjort av slekta før oss, vi har nok med våre eigne haldningar og handlingar.

Fleire boktips