Boktips

Død eller levande

grossoggrumahle1.jpg
ForfattarLars Mæhle
Omtalt avSolvor Øyen Bergene, Nord-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

”Fare fare krigsmann – døden skal du lide..."

Forfattar Lars Mæhle (2018) har skreve boka ”Død eller levande” i grøssarserien ”Grøss og Gru” som også fleire andre forfattarar bidreg i. Boka er gitt ut av Samlaget.

Simon har evna til å sjå og sanse døde folk. Han bur i lag med tvillingsøstera si Katrin og mora. Seint ein laurdagskveld kjem ein stakkarsleg kar og søkjer om hjelp til å finne ei jente som er forsvunne. Han lokker med å betale dei godt. Men å nå fram til dei døde er ikkje utan risiko, dei må leite i dimensjonen Limbo der dei halvdøde held til, dei som ikkje slepp inn i dødsriket.

I boka får vi raskt ei kjensle av at det kanskje brått vil skje noko ubehageleg. Den noko dystre stemninga vi fornemmer i boka understrekes av mykje mørkt, kaldt og dårleg ver som hovudpersonane opplever i tidsrommet handlinga foregår. Og spenninga byggjer seg opp til eit toppunkt, der vi samstundes får vite ei anna hemmelegheit som får uante følgjer for hovudpersonen og søstera hans.

Boka virka fyrst noko forutsigbar, men sidan den ofte hadde små uventa hendingar, vart det god driv i handlinga og forfattaren klarer å halde denne ubekevemme lesarkjensla gjennom heile boka. I og med at vi introduserast for ganske få personar er det lett å følgje historia frå start til slutt, forfattaren vekslar ikkje mellom ulike personperspektiv det er kun gjennom Simons auge vi får vite kva som skjer.

Forfattaren serverer oss ulike skikkelsar frå andre verdener, og merkelege episodar som vi kan forvente oss av ein grøssar. Historia er skrive på nynorsk, og språket er svært lettlest. Boka passar for ungdom frå 12-års alderen som likar å lese ei litt nifs og urovekkande historie, også på sengekanten.

Fleire boktips