Nord-Aurdal Folkebibliotek

Bok i Valdres

Bok i Valdres blir arrangert ein ettermiddag i november i Fagernes kulturhus, og er ein festkveld som set litteraturen, og særleg den lokale litteraturen, i sentrum. I løpet av kvelden kan du bli kjend med årets lokale utgjevingar, stifte kjennskap med nye forfatterskap, høyre kjenste forfattarar fortele og lese frå dei nyaste bøkene sine, og kjøpe bøker i standen til bokhandelen. Bok i Valdres er eit samarbeid mellom biblioteket, Norli Fagernes og Nord-Aurdal Mållag.

Bokivaldreslogo

Bok i Valdres blir arrangert for 12. gong hausten 2022 i kulturhuset på Fagernes. 

Program 2022, tysdag 15. november kl. 18:

17.30     Dørene opnar for boksal

18:00:   Jakta på Drakeegget blir presentert av Kvitvella forlag

18:15:   Presentasjon av lokale bøker

18:30:   Olav Norheim med Fengselsprestens krig

18:45:   Musikk og kort pause (Lars Jemterud/Ørnulf Dyve)

19:00:   Helga Flatland i samtale med Alice Gudheim

19:45:   Pause med boksal og signering

20:00:   Ingeborg Senneset i samtale med Linn Sunne

20:45:   Boksal og signering

Billett kan kjøpast på førehand på www.fagerneskulturhus.no. Det blir og mogleg å kjøpe billett i døra.

Boksal ved Norli Fagernes og Kvitvella Forlag.