Aktivitet - Nord-Aurdal Folkebibliotek

Thorvald Steen fortel om å vere annleis

 
Start: 18:00 Slutt: 19:00 Sted: Nord-Aurdal folkebibliotek

Thorvald Steen kjem til Nord-Aurdal folkebibliotek tysdag 31. august!

Med utgangspunkt i bøkene Det hvite badehuset (2017) og Det siste fotografiet (2019) vil han prate om korleis det er å vere annleis, om skamkjensle og hemmeleghald.

Som bonusspor i foredraget vil Steen fortelje kvifor han er så oppteken av historia og naturen i Valdres, og korleis den påverkar menneska, anten dei er friske eller sjuke.

Arrangementet er ein del av Valdres Litteraturfest.

Gratis inngang. Det blir boksal ved Norli Fagernes og servering av kringle, te og kaffi.

Det er ikkje nødvendig å melde seg på, men det er fint om du melder deg som interessert så vi veit omtrent kor mange som kjem. På grunn av ev. smittesporing må alle skrive seg opp på ei liste når dei kjem.