Boktips

Vi roper i skogen

ei faktabok om skogens språk
Tjensvold
ForfattarTrude Tjensvold
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek

Summing, kvitring og andre viktige samtaler i skogen

Denne boka startar med eit biletoppslag som effektivt syner oss byens bråk og ståk. Det er tett i tett med hus, og folk roper frå glas og gater for å overdøyve lydane frå bilar, bussar og sirener.

Neste oppslag har ei heilt anna ro. Det er skog, grøne fargar og eit par menneske heilt innerst inne på stigen.

Men “Hei, vent! Sa du heilt stille?” Dei neste sidene kan avsløre at det er mykje liv og leven i skogen også. Det kvitrar, kakkar, brummar og kvekk. Berre me greier å høyre godt nok etter. For det bur kanskje fleire levande vesen i skogen enn i byen. På dei neste oppslaga får me lære om dei ulike kommunikasjonsformene dyra i mellom. Dei smarte ramnefuglane kan til dømes prate med kvarandre med meir enn åtti ulike lydar, og til og med gje kvarandre namn. Dag blir til natt og me ser ulvane som uler i kor.

Og natt blir til morgon i eit poetisk bilete av ekornhalar som heng ned frå trea. Ekorna kan faktisk kommunisere med halane sine i tillegg til å lage lydar, og dei er smarte nok til å forstå fuglespråk. Til og med trea kan føre samtaler, gjennom lukter dei sender med vinden for å åtvare kvarandre om farar som lurer.

“Vi roper i skogen” av forfattar og illustratør Trude Tjensvold er ein nydeleg kombinasjon av fag- og biletbok som gjerne kan lesast av gamal og ung i lag. Og med ei klar oppfordring om at me alle kan bli betre til å lytte.

For barn ca 3-8 år.