Boktips

Tolv ord fra Oskar Maier

Tolvordfraoskarmaier
ForfattarLevi Henriksen
Omtalt avMarianne og Marianne, Vang folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Kva veit vi eigentleg om foreldra våre?

Tyske Sabine spør hovudpersonen om mor hans sin ungdomskjærast. Slik blir vi på ein stillfarande måte dradd inn i historia i boka av Levi Henriksen, Tolv ord frå Oskar Maier (2021).

Hovudpersonen er på veg til Sverige. Han er musikar, og skal reise rundt medan han skriv det aller siste albumet sitt. Telefonen frå Sabine fører til endringar i planane og dei neste dagane blir ei refleksjonsreise rundt mora, Thea, si ungdomstid.

Det er kjent at ho hadde ein tysk kjærast, Oskar Maier, før krigen braut ut. Men ikkje at minnet om Thea og løftet hennar om å vente heldt liv i Oskar under krigen og åra etterpå då han sat i fangenskap.

Gjennom ein bunke kjærleiksbrev skrive av Thea til Oskar skjønar vi kor intenst og lidenskapeleg dette forholdet var. Vi får ta del i refleksjonane over mora sitt forhold til Oskar og til mannen ho gifter seg med under krigen.

Parallelt får vi eit innblikk i hovudpersonen som ektemann og far, musikar og kunstnar.

Boka er mangefasettert og trekk til dømes inn oppvekst i Kongsvinger, krigshistorie og syner korleis historiske hendingar kan vere avgjerande for val og moglegheiter for enkeltindivid.

Dette er ein sjølvbiografisk roman der Levi Henriksen meistrar å kople saman eit vidt spekter av inntrykk i éi historie. Han er god på å skildre møte mellom menneske med eit enkelt språk som likevel er poetisk og velformulert.

Her er det ikkje store, dramatiske hendingar, vi følgjer hovudpersonen sine tankar om det han les i breva. Boka har eit fint, stille driv framover der små detaljar blir spennande.

Vi gler oss til å ha med Henriksen digitalt på Vang folkebibliotek for å prate om akkurat denne boka!

Fleire boktips