Boktips

Siris eventyr

Siriseventyr
ForfattarPatric Nyström og Per Demervall
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Så langt er det kome to bøker i serien Siris eventyr, teikna og fortalt av Patric Nyström og Per Demervall. Her blir du kjent med den modige vikingjenta Siri og venen hennar, Zack!

Dei to hovudpersonane blir presentert slik i boka: Siri, dotter av landsbyhøvdingen. Ho elskar eventyr og blir gjerne med på faren sine reiser, anten han vil det eller ikkje. Ho er modig, sta og flink til å løyse problem.

Zack, Siri sin beste ven og han elskar eventyr – med nokre avgrensingar. Han er ikkje så modig som Siri, men om dei er i fare, vil han ikkje stikke av.

I første boka, Keiserens skatt, snik Siri seg med på skipet til faren når det skal seile til Miklagard med varer og eit mystisk skrin. Eg vil ikkje røpe så mykje av det som skjer på ferda, men det involverer røvarar og skurkar, sabotasje og veddeløp (der eine skurken plutseleg heng etter berre underbuksa oppi ein statue!).

Og kven er eigentleg den nye venen til Siri?

I andre boka, Mimers gåte, er det Zack sin tur til å kome nordover til Siri sin heimstad. Som du skjønar av boktittelen må dei to no løyse ei gåte. Siri og Zack set i gong med hjelp frå munken Ansgar, den kloke, gamle Urd og ei hekseliknande Kraka. Du kan vel kanskje tenkje deg det; skurkane frå første boka er ute og prøver seg denne gongen også.

Fremst i bøkene, før historiene startar blir dei ulike karakterane presentert og bakarst kan du lese fakta om vikingtida. Målgruppe er barn frå 9-12 år, men dette kan fint lesast av eldre lesarar!

Teikningane er detaljrike og uttrykksfulle, og det er eit driv i historia som gjer bøkene vanskelege å leggje frå seg før dei er ferdig lesne. Om du ikkje har lese dei enno, har du noko godt i vente. Og har du lese dei, ja då kan du glede deg til bok nr. 3!

Fleire boktips