Boktips

Oskar og eg

Oskarogeg
ForfattarMaria Parr, illustrert av Åshild Irgens
Omtalt avMarit Karlberg, Øystre Slidre folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Ny, god barnebok frå Maria Parr, vår eiga Astrid Lindgren

«Oskar og eg» handlar om livet til Ida, åtte år, og veslebroren Oskar, fem år.

Vi møter dei to i mange ulike kvardagslege situasjonar og episodar, og Maria Parr kan verkeleg kunsta å skrive truverdig om det som går føre seg i eit barnesinn. Her er både latter, irritasjon, dramatikk og sorg, alt skildra på ein nyanserik, varm og fartsfylt måte.

Kvart kapittel har ein tittel som peiker på konkrete plassar i ungane sine liv; Klesskapet, Elva, Akebakken, Skulen. Og her er undertitlar som vekkjer forventningar om kva som skal skje. Her er til og med ei lita åtvaring i kapittelet som heiter Stova: «Nb! Viss det er slik at den ekte julenissen framleis brukar å kome på besøk til dykk, så kan de hoppe over dette kapittelet og heller spare det til neste jul. Helsing forfattaren.»

Forteljinga til Ida er delt inn i kapittel som kvar for seg er akkurat passe spanande og akkurat passe lange til å vere ei godnatt-historie.

Omsorga Ida har for veslebroren sin er rørande, og det same er mora si sorg over sin veslebror. Det er onkel Øyvind, den rause og morosame karen som er gift med onkel Bulle, som blir sjuk og døyr. Sjølv om miljøet i denne boka er henta frå ei trygg vestlandsbygd, er ulike grupper i samfunnet naturleg representerte. Parr blir aldri pedagogisk eller politisk korrekt, ho berre skildrar bygdesamfunnet slik det er.

Boka er illustrert av Åshild Irgens, og dei fine fargeteikningane spelar svært godt i lag med teksten. Ungane er teikna i ein tilsynelatande enkel strek, men med svært uttrykksfulle ansikt og attkjenneleg kroppsspråk. Boka er perfekt til høgtlesing.

 

Forfattar: Maria Parr
Illustrert av: Åshild Irgens
Forlag: Samlaget
Sider: 197

Fleire boktips