Boktips

Hvordan ser lengsel ut

line_nyborg.jpg
ForfattarLine Nyborg
Omtalt avMaren Nesja, Vestre Slidre folkebibliotek
KategoriSkjønnlitteratur for vaksne

Tenåringen Una bur saman med mora på ein liten, stille stad i Troms. Una går på skulen, jobbar på senteret, og går tur med venninna Jenny og hunden hennar. Om kveldane les ho dikt, og skriv i dagboka si. 

Det er som om ho ventar på at noko skal skje, som om livet hennar snart skal starte. Heilt til Sunniva byrjar i klassen. Sunniva har skoliose, ryggen hennar er krumbøygd og skakk. Dette hindrer henne ikkje i å ta plass, stille vanskelege spørsmål, og modig skulle ha fram i lyset det som er gøymd. Med Sunniva opnar verda seg for Una, og ho undrar seg over ting ho tidlegare såg på som sjølvsagt. Detta endrar også den noko søvnige, og såre relasjonen mellom Una og mor hennar.

Boka har vare og sanselege skildringar av sjeleliv, og alt som ikkje blir sagt. Ein psykologisk roman om relasjonar mellom menneske, om lengselen etter nærleik, og etter å bli sett. Lengselen etter å vera den ein er. 

Teksten vekslar fint med innslag av nordnorsk dialekt, og utdrag frå dikt av Edith Sõdergran. Boka passar for vaksne.

Fleire boktips