Boktips

Frida og jakten på nesehårene

Fridaogjaktenpaneseharene
ForfattarFrode Øverli
Omtalt avMarianne Riste, Vang folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

Har du hår i nasen? Nasehår som kan brukast i årstidsharpa i Mellomland?

Nei, eg tenkte meg det. Då stemmer det vel slik Kong Bob seier, at berre Einaugetrollet har slike nasehår. Ikkje høyrt om Kong Bob eller Einaugetrollet, seier du? Då MÅ du lesa boka «Frida og Jakten på nesehårene» av Frode Øverli (2020)!

Pondus, som mange kjenner frå før, har ei dotter som heiter Frida. Ei natt blir Frida vekt av Mr. Buxen (eller som ho seier det: mister buksen), han er tenar ved hoffet til Kong Bob av Mellomland. Dei er i ei lei knipe nede i Mellomland. Årstidene deira skiftar når dei spelar ein melodi på årstidsharpa. Knipa oppstod då Dum Dum Bob spelte inn vinteren så hardt og inderleg at det vart den kaldaste vinteren på 500 år. Og ikkje nok med det, han spelte så hardt at dei 5000 år gamle strengane rauk. Så no sit Mellomland fast i ein frykteleg vinter. Dei ber Frida om hjelp til å få tak i nye strengar. «Selvsagt! Det må da være null stress og kort prosess i joggedress!» svarar ho.

No får Frida vite det eg røpa over: det er berre nasehåra til Einaugetrollet som kan brukast på årstidsharpa. Mellomlandingane torer ikkje gå til trollet av redsel for å bli trollmat. Då skjønar du vel kven som må ta turen til trollet og at det nok blir meir enn null stress og kort prosess i joggedress? Det er eit stort og farleg oppdrag Frida skal ut på. Men Einaugetrollet er kanskje ikkje det farlegaste ho kjem ut for; du får lese boka og finne det ut.

Boka er ei blanding av teikneserie, store illustrasjonar og vanleg tekst, alt i kjent Øverli-stil. Er du mellom 9 og 123 år? Set deg godt til rette, gjerne med nokon du kan lese høgt for, og gled deg til 180 sider med moro!

Fleire boktips