Boktips

Felefeber

Felefeber
ForfattarElin Hansson
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

«Han har lova seg sjølv å ikkje reise tilbake til det hølet, men han må, han kjenner det»

Torleif har flytta ut av bygda han vaks opp i og han er lukkeleg på musikkskule med vener og fridom i byen. Lukka varar ikkje evig, for brått har morfar, goffa, fått slag og må ha hjelp heime i huset. Far og storebror Tallak må på jakt, og difor blir Torleif ringt etter. Han har lova seg sjølv å ikkje reise tilbake til det hølet, men han må, han kjenner det, det er jo goffa.

I tillegg til å passe på goffa får han tilbod om å vikariere ei veke på folkehøgskula for hardingfeleklassa. Det er hans gamle læremeister som spør om han ikkje kan steppe inn, då ho har brote armen. Etter ein prat med goffa seier han ja. Det er nervepirrande og fyrste timen er utmattande, men det blir betre. Den japanske gjestelæraren, og hardingfelespelaren, Horimyo set følelsane i sving hjå Torleif. Det er berre eit stort problem; ingen veit at han er homofil i bygda, ikkje ein gong familien hans.

Dette er ein herleg ungdomsroman som verkeleg set følelsane i sving. Skeiv kjærleik i ei lita bygd er ikkje berre lett, men den er der og kanskje kan det ende godt? Det er dryss av hardingfele- og folkemusikkmetaforar gjennom heile boka som gjer eit ekstra lag for dei av oss som er inne i den verda. Anbefaler å høyre låta Felefeber av Annbjørg Lien óg.

Pride-månaden er akkurat over, men bøker om skeiv kjærleik kan lesast året rundt – plukk med deg denne boka til deg sjølv eller ein ungdom du kjenner og få eller gje ei fin leseoppleving!

Fleire boktips