Boktips

Buffy By-serien

Buffy By Serien
ForfattarIngeborg Arvola
Omtalt avSolfrid Olmhus, Sør-Aurdal folkebibliotek
KategoriBarn og ungdom

I denne serien møter me Buffy By som bur i Oslo. Der bur ho saman med broren Bobby og mora, og dei er fattige. Korleis er det å bu i Oslo, sånn ca. verdas dyraste by når ein er fattig?

I fyrste boka, «En selvbiografi», møter me Buffy i klasse 6B ved Refstad skole. Dei har fått i oppgåve å skrive ein sjølvbiografi og Buffy skriv om familien, slalåm og kor omtenksame og  løysingsorienterte dei er. Ein kan jo gå til slalåmbakken når ein ikkje har råd til buss, og middagen blir himmelsk med ei halv pakke Toro tomatsuppepose. Mykje betre enn knekkebrød utan pålegg i alle fall.

I andre bok, som er ein spenningsroman, er dei på ferie! For alle fyrste gong i livet. Dei har fått låne ei hytte, men for å kome seg til hytta må dei ta buss, og det har dei jo ikkje råd til. For å løyse det får dei ein idé: å frakte mora i koffert så dei slipper å betale for vaksenbilett! Genialt. Eller?

I tredje bok, som er ei reiseskildring, får me vere med når Buffy og Bobby må reise til mormor i Nord-Norge. Dei får reise med fly for fyrste gong! Og alt er annleis i den lille bygda i nord, der heile skulen har like mange elevar som ei klasse på skulen dei gjekk på i Oslo. Og mormor Olava By er streng og vanskeleg, i motsetnad til mora deira som er full av kjærleik.

Bøkene handlar om born som lev i fattigdom, men så er ikkje Buffy By ei vanleg jente. Ho tar det meste med godt humør, er stolt over kven ho er og har alltid gode idear om det skulle dukke opp ei utfordring. Det er ein herleg serie med mykje humor, for Buffy er både uredd og klumsete, omtenksam og morosam.

Fleire boktips